Klodeklubben: Superheltmaska av Ruth Lillegraven. Tilgjengelig på HiRO – norsk, skjermfri høyttaler for barn med musikk og fortellinger

Klodeklubben: Superheltmaska av Ruth Lillegraven

279 kr
Hopp til produktinformasjon
Klodeklubben: Superheltmaska av Ruth Lillegraven. Tilgjengelig på HiRO – norsk, skjermfri høyttaler for barn med musikk og fortellinger

Klodeklubben: Superheltmaska

Av Ruth Lillegraven

Innlest av Charlotte Frogner

Format: HiRO-kort

279 kr
Tilbake snart

Hollywood på Vestlandet.

Det er endeleg sommarferie. Medan Vanja, Sivert og Mo kosar seg i sola, dukkar det opp ein diger luksusbåt med eige helikopter på fjorden. Ut kjem Alexandra Liu, ei av dei største filmstjernene i verda! Ho skal spele inn ei scene til den nye superheltfilmen om Queen Hero.

Vanja, Sivert og Mo tykkjer det er spanande at det skal bli spelt inn film i bygda. Men det blir også mykje trafikk, støy og søppel. Så forsvinn den kostbare superheltmaska til Queen Hero. Regissøren mistenker Klodeklubben. No må dei finne ut kven som står bak tjuveriet, for å reinvaske seg.

«Klodeklubben. Superheltmaska» er femte forteljing i Klodeklubben, ein spenningsserie for barn frå 6 år og oppover. Serien er skriven av Ruth Lillegraven og illustrert av Jens Kristensen.

I Klodeklubben finn vi Vanja, Sivert og Mo. Dei bur i ei lita bygd på Vestlandet. Men sjølv på ein liten stad kan mystiske ting skje. Bli med dei tre vennene på jakt etter miljøskurkar.

Om innholdet

Del av serieKlodeklubben
KategoriRomaner og fortellinger
AlderFra 6 år
ForlagSamlaget
MålformBokmål
Spilletid31 min
Utgivelsesår2022

Du vil kanskje også like